Hardingasete
muligheter-1

Aktivitetar

På Hardingasete finn du eit rikt mangfald av aktivitetar, fleire av dei unike i sitt slag. Me kan skreddarsy opplegg til den enkelte gruppa.

  • Vedfyrte stampar: Frampå ein bergknaus med utsikt utover fjorden har me tre vedfyrte stampar av den gode, gamle sorten. Stampane vert klargjorte om førespurt og er ein særs populær aktivitet før og etter middag, eller begge deler! Her kan ein seinka skuldrane, nyta eit friskt glas sider og vera i eitt med fjord og fjell.
  • Badstove: Me kan også tilby ei badstove som eit naturleg stopp etter eit forfriskande bad i fjorden. Denne er fin å kombinera saman med stampane, då dei har same lokasjon på området.
  • Besøk i bryggarhus: Me har eit bryggarhus/eldhus der me brygger eige øl. Som ein triveleg aktivitet før middag kan me invitera gjestar inn i bryggarhuset, der ein får servert smaksprøvar, snacks og stadshistorie av kjentmann.
  • Rolege omgjevnader: Hardingasete fokuserer på å gje gjesten ei annleis oppleving. Atmosfæren skal gjenspeglast i flott hardangernatur, behageleg stemning, unike fasilitetar og kulinariske høgdepunkt.

Me tilbyr også

  • Fiske: Me har fiskeutstyr som kan nyttast frå brygga eller i båt.
  • Kano og kajakkar: Me har kanoar og kajakkar til bruk i Hardangerfjorden.
  • Syklar: Me har syklar som kan disponerast i nærområdet.
  • Tunleikar: Me kan leggja til rette for tunleikar som til dømes pil- og bueskyting, luftgeværskyting og hesteskokasting

Hardingasete er lokalisert i Hardanger, ein av Noregs flottaste regionar. Her finn ein eit stort antal av turmoglegheiter og me kan i samarbeid med lokale turoperatørar arrangera mellom anna:

  • Turar til og på Folgefonna m/breførar
  • Båttur i Fyksesundet – t.d med innlagt lunsj i den veglause grenda Botnen
  • Tur med vikingbåt m/fiskemoglegheiter
  • Transport gjennom våre samarbeidspartnarar på land, sjø og luft etter ynskje
muligheter-1
«Hardingasete har en flott ramme med den nydelige plasseringen!»

Ole Johan Sletten, Aker Solutions

muligheter-1

Bedrift

I våre toppmoderne konferanselokale ligg alt til rette for at du og di bedrift skal få ei optimal møteromsoppleving.

Les meir om
bedrift

inngangsporter-kurs-og-konferanse

Overnatting

Hardingasete er medlem av De Historiske hotel. Me tilbyr overnatting og opphald i historiske hytter og stabbur, i vakre og unike omgivnader.

Les meir om
overnatting

sjelen

Selskap

Hardingasete er ein populær stad for bryllaup med sin plassering og sine særeigne fasiliteter. Me tilbyr ulike pakkeløysingar innen bryllaup og andre typer selskap.

Les meir om
selskap

mage