Hardingasete
kurs-1

Kurs & Konferanse

Me kan tilby ein stor konferansesal med audiovisuelt utstyr av ypparste klasse som vart oppgradert i august 2012. Denne er utrusta med stort lerret, projektor og eit lydanlegg som også har talelyd med trådlaus mygg og mikrofon. Salen høver til grupper opp til 70 personar. I andre etasje i same bygg har me eit møterom som har det som trengst av utstyr og inneheld mellom anna projektor, lerret og lyd. Dette rommet passar til grupper opp mot 20 personar. I konferansepakken fylgjer det med kaffi, lefser, frukt, mineralvatn og/eller brus viss dette er ynskjeleg.

Høg standard på AV-utstyr og elles gode fasilitetar gjer at ein skal få optimalt fagleg utbytte og ei behageleg møteromsoppleving.

Hardingasete er ein høveleg lokasjon for leiarsamlingar, seminar, teambuilding og anna type kurs & konferanse. Når ein bestiller samling på Hardingasete så er alle måltid inkludert (lunsj, mellommåltid, middag og frukost). Antall måltid er sjølvsagt avhengig av lengden på opphaldet og kan justerast etter behov. Overnatting er i historiske hytter eller stabbur og me kan tilby aktivitetar som ein kan være ein avkobling i løpet av dagen.

Ta kontakt for skreddersydde løysingar for di bedrift.

«Konferansefasilitetene er gode og mye mer sjarmerende enn andre konferansesteder.»

Therese Skjold Jensen, EVRY Consulting Bergen

kurs-1
«Vi er svært fornøyde med oppholdet vårt på Hardingasete. Det blir ein tur vel verd å huske i lang tid fremover. Stedet i seg selv er så unikt, slik det er bygget opp. Virkelig en helt egen stemning. Stas at vi hadde området for oss selv. Når vi i tillegg får servert helt enestående nydelig mat, og får en solid dose indian summer – så gir vi det terningkast 6.»

Skandiabanken, 2015

kurs-3
«Få plasser i Norge kan by på en mer helhetlig opplevelse enn Hardingasete.»

Inge Solheim, Eventyrer og guide i polarområdene

Overnatting

Hardingasete er medlem av De Historiske hotel. Me tilbyr overnatting og opphald i historiske hytter og stabbur, i vakre og unike omgivnader.

Les meir om
overnatting

mage

Aktivitetar

På Hardingasete kan me skreddarsy pakkar med ulike og varierte aktivitetar til alle våre gjester.

Les meir om
våre aktivitetar

mage

Selskap

Hardingasete er ein populær stad for bryllaup med sin plassering og sine særeigne fasiliteter. Me tilbyr ulike pakkeløysingar innen bryllaup og andre typer selskap.

Les meir om
selskap

mage