Hardingasete

Om Hardingasete

Hardingasete er eit unikt kurs- og konferansesenter - det gamle møter det nye. I krysningspunktet mellom gamle, autentiske omgjevnader og topp moderne fasilitetar finn du Hardingasete. Her er det lagt vekt på å skapa eit vestlandsmiljø slik det var før i tida. Dei mange gamle husa som er flytta til staden, er innreidde med antikvitetar, men inneheld samstundes alt av dagens komfort og med moderne bad og kjøkken. Bortgøymd på historisk grunn på Ljoneshalvøya ved Hardangerfjorden ligg tunet idyllisk til, vestvendt og med utsikt over den vakre fjorden.

Hardingasete vert leigd ut til kurs og konferansar, leiarsamlingar og teambuilding. Me er også ein eigna plass for høgtidelege markeringar som til dømes bryllaup og me har serveringsløyve med alle rettigheiter

Sjå oversiktskart.

No har me og endeleg opna for individuelle gjester. Dette kan du lesa meir om under fanen Overnatting.

Fasilitetar

Hardingasete er sett saman av 20 vestlandshus i ulike storleikar, alle opphaveleg frå 1600 til 1870. Husa er restaurerte i gamal stil og byggjeteknikk, og samtlege er utrusta med bad og toalett. Sidan husa/hyttene har ulike storleikar, med 2 til 35 overnattingsplasser, kan dei ulike gruppene sjølve bestemma korleis gjestane skal innlosjerast.

Konferansesal og møterom held høg standard og er lokalisert i eit heilt nytt bygg. Dette bygget kan også nyttast som selskapslokale. Middagssal og kjøkken ligg i ein stor låve frå 1860 og har sin heilt spesielle atmosfære. Her har me også bar med alle rettigheiter.

Nede ved kaien har me eit naust som også er opprusta og har langbord i kjellaren, møteromsfasilitetar og overnatting. I sommarhalvåret tilbyr me grilling på kaien i vakre og maritime omgjevnader. Dei fleste tun før i tida hadde bryggarhus/eldhus og Hardingasete er ikkje noko unntak - dette har me vidareført. Les meir om dette på lenkja for aktivitetar. Her kan du også lesa meir om våre vedfyrte stampar og badstove.

om-hardingasete
«Takk for oppholdet. Alle som deltok kom svært fornøyd tilbake!»

Jorunn Embry, DNB

Ord frå eigar: Jarle Hjartåker

Historia om Hardingasete byrja hausten 1996. Då starta arbeidet med veg og tomter. Planen har vore å skapa ein annleis møtestad for arbeid og fest. Hardingasete skal vera ein plass med ro og fred i vestlandsk natur der ein kan konsentrera seg om gode menneskelege relasjoner og fag. I alle år såg eg at mange gamle bygningar vart borte. Folk såg ikkje noko nytte i desse bygga, og dei vart fjerna eller berre fall saman.

Eg tenkte at desse husa kunne skapa eit fint miljø som igjen kunne brukast til noko. Såleis byrja eg å samla på gamle hus, før eg hadde noko tomt å byggja på. Men i 1996 tok bygginga til. No, 16 år etterpå, har Hardingasete vore i drift i nesten 14 år.

Visjonen er at miljøet ein er i kan vera viktig når ein skal finna løysingar. Det er få forstyrrande element samstundes som det ikkje er ein by å dukka inn i etter møtet eller konferansen. Hardanger har mykje å by på, og eg meiner at Hardingasete er ein plass der alt dette kan opplevast. Visjonen var å by på dette i eit mijø som skapar ro og ettertanke. Mat og drikke av gode råvarer og godt tillaga, samt naturen med fjorden og Folgefonna, er noko av rammene.

For meg personleg har Hardinagsete vore god avkopling i ein travel kvardag. Demontering og bygging av hus og samling av alt mogleg til interiøret har vore spennande og kjekt. Skifertak har vorte eit ynda objekt - det er mange kunstferdige tak i bygdene våre som eg ikkje såg før eg forstod kunsten med å leggja dei opp. Ofte er det små ting som gjer dei store forskjellane.

Kanskje er Hardingasete ein stad der du finn desse små tinga?

Bedrift

I våre toppmoderne konferanselokale ligg alt til rette for at du og di bedrift skal få ei optimal møteromsoppleving.

Les meir om
bedrift

hjerne

Aktivitetar

På Hardingasete kan me skreddarsy pakkar med ulike og varierte aktivitetar til alle våre gjester.

Les meir om
våre aktivitetar

mage

Overnatting

Hardingasete er medlem av De Historiske hotel. Me tilbyr overnatting og opphald i historiske hytter og stabbur, i vakre og unike omgivnader.

Les meir om
overnatting

mage