Hardingasete
Fykse

Opphald på Hardingasete

Hardingasete – ein invitasjon til fornying, aktivitet og nyting for kropp og sjel – godt gøymd i det storslegne Hardanger. Hardingasete er no vorte medlem av De historiske hotel, eit kvalitetsstempel me er stolte av. No tek me imot enkeltgjester som kan bu hos oss i flotte historiske hytter eller stabbur. Frukost fylgjer med i prisen og middag kan bestillast. Atmosfæren skal gjenspeglast i historisk unike fasilitetar i eit miljø som skapar ro og ettertanke. Dette i ei ramme der fjorden og naturen er viktige element. Me kan tilby aktivitetar og rask tilgang til Hardangerfjorden nede ved den flotte bryggja vår. Her kan du ta deg eit forfriskande bad i fjorden, fiske eller berre nyte ein kald øl/glas vin i dei vakraste omgivnader. Det er gratis wifi på området.

Hardingasete har ulike overnattingtilbod: Lite stabbur, medium stabbur, historisk hytte, stor historisk hytte og rom i gardshus.

Velkomen til oss!

«Å koma til Hardingasete er som å komma til ein bortgjøymd og hemmelig plass, litt eksotisk mellom furutrea, men også heilnorsk. Ein plass for dei gode samtalane.»

Vivian Husa, 2016

Overnatting på Hardingasete
Overnatting på Hardingasete

Bedrift

I våre toppmoderne konferanselokale ligg alt til rette for at du og di bedrift skal få ei optimal møteromsoppleving.

Les meir om
bedrift

inngangsporter-kurs-og-konferanse

Aktivitetar

På Hardingasete kan me skreddarsy pakkar med ulike og varierte aktivitetar til alle våre gjester.

Les meir om
våre aktivitetar

mage

Overnatting

Hardingasete er medlem av De Historiske hotel. Me tilbyr overnatting og opphald i historiske hytter og stabbur, i vakre og unike omgivnader.

Les meir om
overnatting

sjelen