Hardingasete
Bryllaup p Hardingasete

Bryllaupsfest på Hardingasete

Hardingasete er ein perfekt lokasjon for bryllaup. Her har me plass til opp mot 90 personar til bryllaupsmiddag og fest og opp mot 75 personer til overnatting. Middagssal ligg i ein stor låve frå 1860 og har ein heilt spesiell atmosfære. Her har me også bar med alle rettar. Festlokale er også av høg kvalitet, med dansegolv, moderne AV utstyr, wifi, bar og lounge.

Husa hos oss er restaurerte i gamal stil og byggjeteknikk. Sidan husa/hyttene har ulike storleikar, frå 2 til 35 overnattingsplasser, kan brudeparet sjølve bestemma korleis gjestane skal innlosjerast som ein del av vertskapet denne helga eller dagen. Dei mange gamle husa som er flytta til staden, er innreidde med antikvitetar, men inneheld samstundes alt av dagens komfort og med moderne bad og kjøkken.

«Tusen takk for en fantastisk feiring! Hardingasete laget en perfekt ramme for en uforglemmelig bryllupshelg. Fantastisk vakker plass, dyktig kjøkken og upåklagelig service.»

Andrè og Ida Risholm (2015)

Selskap p Hardingasete

Bestilling

Ved bestilling av bryllaup hos oss, står me for alt av service, oppdekking, klargjering og oppfølging av gjestar. Me kan tilby weekendbryllaup, 2 dagars bryllaup eller 1 dags bryllaup utan overnatting. Når det gjeld måltid, tilbyr me festmiddag, enkel middag fredag kveld og frukost begge dager. Mellommåltid utover dette kan avtalast.

Weekendbryllaup er det mest populære hos oss. Då kan gjestane og samlast på fredagskvelden for god mat og hyggje, samstundes som me kan tilby vedfyrte badestampar og sauna. Her kan ein slappa av i oppvarma sjøvatn og nyta utsikta til fjord og fjell. Me kan også leggje til rette for vigsel på området, inne eller ute. Den flotte bryggja vår vert ofte brukt til dette formålet.

Det er viktig for oss at bryllaupsgjestene og, ikkje minst, brureparet sit igjen med ei svært god kjensle etter å ha feira bryllaupet sitt på Hardingasete.

Ta kontakt for skreddarsydd bryllaupspakke.

Me tek og imot førespurnader på gruppearrangement som åremålsdager, slektstreff eller andre private samlingar/turar.

Bryllaup p Hardingasete

Bedrift

I våre toppmoderne konferanselokale ligg alt til rette for at du og di bedrift skal få ei optimal møteromsoppleving.

Les meir om
bedrift

inngangsporter-kurs-og-konferanse

Aktivitetar

På Hardingasete kan me skreddarsy pakkar med ulike og varierte aktivitetar til alle våre gjester.

Les meir om
våre aktivitetar

mage

Overnatting

Hardingasete er medlem av De Historiske hotel. Me tilbyr overnatting og opphald i historiske hytter og stabbur, i vakre og unike omgivnader.

Les meir om
overnatting

sjelen