Din neste konferanse
– heilt unik
Hardingasete er ein kurs- og konferansestad der det gamle møter det nye
Kurs og konferanse
Me kan tilby ein stor konferansesal med alt av audiovisuelt utstyr. Her finn du stort lerret, projektor og eit lydanlegg som også har talelyd med trådlaus mygg og mikrofon.
Salen høver til grupper opp til 80 personar.
I andre etasje i same bygg har me eit møterom som har det som trengst av utstyr og inneheld mellom anna projektor, lerret og lyd. Dette rommet passar til grupper opp mot 20 personar. I konferansepakken fylgjer det med kaffi/te og frukt. Om ynskjeleg kan me by på lokal eplemost, lefser og anna.
Rom til det meste
Hardingasete er ein høveleg lokasjon for leiarsamlingar, seminar, teambuilding og anna type kurs og konferanse. Når ein bestiller samling på Hardingasete er alle måltid inkludert (lunsj, middag og frukost). Antall måltid er sjølvsagt avhengig av lengda på opphaldet og kan justerast etter ynskje. Overnatting er i historiske hytter eller stabbur og me kan tilby ulike aktivitetar som ei avkobling.