Historia

Ord frå eigar: Jarle Hjartaaker

Historia om Hardingasete byrja hausten 1996. Då starta arbeidet med veg og tomter. Planen har vore å skapa ein annleis møtestad for arbeid og fest. Hardingasete skal vera ein plass med ro og fred i vestlandsk natur der ein kan konsentrera seg om gode menneskelege relasjoner og fag. I alle år såg eg at mange gamle bygningar vart borte. Folk såg ikkje noko nytte i desse bygga, og dei vart fjerna eller berre fall saman.

Eg tenkte at desse husa kunne skapa eit fint miljø som igjen kunne brukast til noko. Såleis byrja eg å samla på gamle hus, før eg hadde noko tomt å byggja på. Mai 1998 hadde Hardingasete sitt fyrste arrangement. No har Hardingasete vore i drift i over 25 år.

Visjonen er at miljøet ein er i kan vera viktig når ein skal finna løysingar. Det er få forstyrrande element, samstundes som det ikkje er ein by å dukka inn i etter møtet eller konferansen. Hardanger har mykje å by på, og eg meiner at Hardingasete er ein plass der alt dette kan opplevast. Mat og drikke av gode råvarer og godt tillaga, samt naturen med fjorden og Folgefonna, er noko av ramma for eit godt opphald.

For meg personleg har Hardinagsete vore ei god avkopling frå ein travel kvardag som fastlege. Demontering og bygging av hus og samling av alt mogeleg til interiøret har vore spanande og kjekt. Skifertak har vorte eit ynda objekt – det er mange kunstferdige tak i bygdene våre som eg ikkje såg før eg forstod kunsten med å leggja dei opp. Ofte er det små ting som gjer dei store forskjellane.

Kanskje er Hardingasete ein stad der du finn desse små tinga?